Hjem Hvor Historie Fasiliteter Bryllup Firma Events Overnatting Kunst Hva skjer Presse Kontakt
 
 
 
© Hotellet i sveitserstil vart bygt i 1891. Til høgre for hotellet står ein eldre bustad som no vert brukt til vedhus.
 
 
© Skjerjehamn frå 1870.
 
 
© Skjerjehamn i oppgangstida rundt 1900.
 
 
© Øllegaard og Otto Schreuder. Han var handelsmann og gjestgjevar i Skjerjehamn - og i tillegg stortingsmann for Høgre 1903 til 1906.
 
 
Knut Steen sin statue av Kong Olav V, ble plassert på Skjerjehamn av Ola Braanaas, og avduket 04 August 2007.
Statuen er blitt et kjent og elsket landemerke på Vestlandet.
 
 
Handelsstaden Skjerjehamn
Lengst nordvest på Sandøy, på noko som ein gong var ei lita øy, men som no er knytt saman med hovudøya av ei fylling, ligg Skjerjehamn. Staden ligg i skipsleia gjennom Gulen som går mellom Sandøy og Mjømna. Skjerjehamn skal ha vore handelsstad frå gamal tid.
 
Gjestgjevarstad og kremmarleie
Det må ha vore hamn her langt attende, og alt før 1600 trur ein det har budd fastbuande folk her. Eit brev skrive av Georg Reichwein datert "Schierhavn den 8 Februar 1641" tyder på at det alt då var gjestgjevarstad her. I 1668 vart staden omtalt som kremmarstad. Frå 1697 var Skjerjehamn tingstad, og på tinget i 1706 vart det opplyst at det var gjestgjevarstad og hadde vore kremmarleie frå gamalt av.
 
Fyrste kremmaren som er kjend heitte Jon Dirch. Han kom truleg til Skjerjehamn kring 1640. I manntalet frå 1665 er han registrert som "Borger i Bergen och Ansættig i Schierjehafen".
I 1757, då Gabriel Andreas Jæger var gjestgjevar, vart staden omtalt slik:
"Omstendighederne ere at det er Skyds Skiftestæd for de Rejsende, hvor brave Folk kand nyde skidkelig Forplejning og Natte Herberge, hvorfor Stædet er anordnet til de Rejsendes Fornødenhed". Jæger hadde fem døtrer, den eine, Margrete, vart gift med diktarpresten Petter Dass.
 
Otto Schreuder
Fram til målarmeister Wilhelm Schreuder frå Bergen kjøpte Skjerjehamn i 1861, var det familien Ross - frå Rossenborg i Sogndal, som dreiv handelsstaden. Det var son til Wilhelm Schreuder, Otto, som bygde våningshuset som enno står. Han bygde òg eit stort trelastlager, og i hans tid kom både postopneri, telegrafstasjon og rikstelefon til Skjerjehamn. Otto Schreuder dreiv i tillegg med eksport av fisk og levande hummar til England. Han skal vera av dei fyrste som byrja å senda fisken i kasser.
Kring 1900 var staden omlastingsplass for mange båtruter.
 
Stordomstida
Johannes Steine, som overtok staden i 1918, utvida trelasthandelen. Han bygde trelastlager ved kaia med butikk og kontor, og starta notbarkeri, slipp og mekanisk verkstad. Staden vart eit treffpunkt der folk kom for å handle, hente post og telefonere. Her kunne ein gå rundt i fleire timar å prate med folk og frette nytt.
I 1929 hadde Skjerjehamn 17 stopp utanom lokalrutene - ti år seinare var dette halvert. I 1950 var det berre to stopp i tillegg til lokalrutene.
 
Bygningane
Hovudbygningen dominerer Skjerjehamn. Det er eit stort hus i to høgder. Bygningen inneheld gjesterom for overnatting og bustad for eigaren og familien hans. Huset vart reist av byggmeister Korsvold i 1891 og er oppført i sveitserstil - som dei fleste andre hotell frå denne tida. Ein eldre bustad ved sida av dette huset vert no nytta til vedhus. Nord for våningshuset og den vesle hamna står ein stor lagerbygning med m.a. ekspedisjonslokale for kystbåtane.
 
Skjerjehamn i dag
Dei stendig fleire båtstoppa hadde i si tid styrkt staden, - no med færre og færre stopp miste staden livskrafta si. Etter kvart som trafikken skifta over frå sjø til land måtte denne veglause staden gje tapt.
Skjerjehamn hadde ei sentral plassering i rutene til Fylkesbaatane fram til 1940-åra. I dag, dvs. i året 2001, er det ingen fastbuande her. Staden er i privat eige og vert nytta til fritidseigedom. Bygningane er haldne godt vedlike. I den gamle krambua har eigarane laga til eit museum med mange av gjenstandane frå tida då staden var i full drift. Ein del turistar tek turen innom staden, men det er ingen handel eller utleige av husrom som i stordomstida. I 2005 kjøpte fiskeoppdrettar Ola Braanaas Skjerjehamn frå Bjarne, Arne og Målfrid Hesvik, og bygde staden om for kring 35 millionar kroner til reiselivsverksemd for båtturisme, overnatting og kursstad.
Kong Olav-statue
I 2007 kjøpte Braanaas eit granittmonument av kong Olav V og sette det opp på ein haug ved Skjerjehamn. Monumentet var laga av kunstnaren Knut Steen på oppdrag av Oslo kommune, men då dei såg korleis momumentet var utforma, ville ikkje Oslo ha det. Mange stader i landet melde seg på for å få overta momumentet, og Braanaas og Skjerjehamn vann.
 
Skjerjehamn
Skjerjehamn er ein gamal handelsstad frå midten av 1600. Hovudhuset vart reist i 1891 av otto schreuder. I tillegg til gjestgiveri, har her vore drive: butikk, postopneri, telegrafstasjon, nothenge/barkeri, slipp/mekanisk verkstad, trelastlager, dampskipsekspedisjon, samt eit lite gardsbruk. Skjerjehamn, som er i privat eige, er svært verneverdig. Besøkjande blir difor bedne om å vise omsyn, m.a. ved å fortøye båtar langs hovudkaia, eller ved moloen på øya si sørside, og elles berre bruke hovudvegen til gang- og bilbruk. Kun hovudvegen er offentleg.
 
 
More History...
 
Copyright © 2010 Skjerjehamn. All Rights Reserved. Website Designed & Developed by: www.webtechsoftwares.com